Sanshoutrenar frå Kina
Dei neste to vekene vil Nick, ein av topptrenarane frå Beijing Sport University, vere på besøk i Bergen, og halde treningar for sanshoulandslaget og dei andre utøvarane i Bergen.
Nick er elev av Ma Xuexhi som har vore på besøk i klubben mange gonger. Denne gongen hadde ikkje Ma tid sjølv, så han sender i staden ein av toppelevane sine. Hovudprioriteten til Nick vert å prikke inn toppformen på sanshoulandslaget som skal representere Noreg under VM i Beijing 11.-17. november. Men det vert og tid til å undervise dei andre utøvarane her i Bergen.
Treningane vil gå føre seg både i Fabrikkgaten, og i Flaktveit IK Wushu sine lokaler i Åsane.
