Fortsett til innholdet. Skip to navigation

Kampkunstportalen

Seksjoner
  • Forside
      Til forsiden
  • Nyheter
      Nyheter om konkuranser, instruktører, seminar, kurs og andre arrangementer.
  • Klubber
      Oversikt over klubbene våre
  • Karate
      Om karate
  • Wushu / Taiji
      Wushu (kinesiske kampkunster)
  • Timeplan
      Treningstider, seminar og konkuranser
  • Kart
      Kart over trenings- og konkuranselokaler
  • Shop
      Utstyr, klær og filmer til salgs
  • Påmelding
      Påmelding til kurs i BSI Wushu og Bergen Wushuklubb
  •  
Personlige verktøy
Du er her: Forside Kinesiske disipliner 中华 Ytre stiler Nanquan 南拳
Document Actions

Nanquan 南拳

av kampkunsterSist endret 2007-01-13 02:16 Tekst:Sverre Helge Bolstad Foto: Michael Langballe Storebø

Nanquan ( direkte oversatt: "southern fist") er nemninga på ytre stilarter frå Sør-Kina (sør for Yangzi elva ) og har ein historie på ca 300-400 år.

Zhu Hong Nanquan posturesNanquan er spesielt populært i Sør-Kina der den har sine røtter, men den er no utbreidd over heile verda, og er ein av dei tre konkuransegreinene i moderne wushu. Nanquan som konkuransegrein er ein moderne stilart som vart laga på 60-talet, med bakgrunn i tradisjonelle stilarter frå Sør-Kina.

I nanquan skal kroppen skal vere fast og stødig, og ikkje avslappa som i taijiquan eller changchuan.


Ein må bruke musklene i heile kroppen for å oppnå  styrken  og fastheten som Zhu Hong Nanquan posture IIII karakteriserer nanquan, og som gjev den nødvendige kraften til armane. For å få dette til må ein synke inn brystet litt og rette ut ryggen. Stabil, lav mabu ("horse riding stance") er ein forutsetning for denne stilarten, og å stå i mabu er ein viktig del av grunntreninga. Mabustillinga skal vere stødig og som planta i jorden. Sjølv om ein skal bruke alle musklene og vere "fast", skal ein ikkje vere stiv, skuldrene må vere senka, og ein må vere avslappa dei rette plassane for å kunne gjere bevegelsane hurtig.

Faste, intrikate, sterke armbevegelser er typisk for stilarten og den delen av armen som er mellom albuen og fingertuppene er mykje brukt og vert kalla "bridge". Exempler på slike bevegelser er  "Rolling bridge", "Cutting bridge", "Chopping bridge", "Pulling bridge" og "Threading bridge". Desse teknikkane bruker denne delen av armen til å blokkere angrep og til å angripe motstanderen. Fingrane er også mykje brukt blandt anna i "Dart palm" og "Tiger palm". I nanquan nytter ein ofte mange håndteknikker i kvar
stilling utan at ein skifter fotstilling.

Zhu Hong Nanquan posture II Kraften i nanquan kjem frå beina, vert styrt gjennom hofta og kjem deretter til utrykk i hendene eller armene. I nanquan er det vanleg å fyrst lagre kraften og så sleppe den laus på ein rask og direkte måte med mykje styrke. Denne metoden er kalla "store and release" og er ofte kjenneteikna av ein kort pause før bevegelsen kjem. I nanquan bruker ein ulike rop og lyder for å få ut og understreke kraften. Ropa vert nytta i ulike spark, slag og andre teknikker.

Som i alle stilarter frå Kina er stillingane mabu, gungbu og xubu viktige.Zhu Hong Nanquan posture III
Nokre særeigne stillinger nytta i nanquan er "Dragon riding stance", "Kneeling stance" og "Kyling stance"  (eit karakteristisk krysssteg som er mykje brukt).

Nanquan innheldt få hopp og høge spark i forhold til changchuan, derav uttrykket "southeren boxing, northeren leg". I 2003 endra International Wushu Federation (IWUF) reglene for konkuransenanquan slik at hopp og vanskelege bevegelser no er obligatorisk i taoluer i internasjonale konkuranser.

Nanquan-southasia-champion Dei tradisjonelle stilartane frå Sør-Kina inkluderer mange våpen, og to av dei er tatt med i konkuranse nanquan. Nangun (southern staff) og Nandao (southern broadsword) har samme kjenneteikn som håndformen og er basert på teknikker frå dei tradisjonelle stilene. For å bli god i nanquan må ein trene hardt og tilstrebe å utrykke det som er særeige for stilarten.



Zhu laoshi


Powered by Plone, the Open Source Content Management System

Dette nettstedet følger disse standardene: